tirsdag 25. oktober 2011

Dårli me oppdatering, bra me comeback!



Sia ej e so jækla dårli på blogginga for tia, tek ej like so godt å legg inn referat å bilde frå nest siste damekamp, so va mot Stranda forrige veke. Sia det jekk so bra å alt ting (å sia ej fekk mej mål- hø hø) :) Va dritarti å spele 9-er foresten :) Neste kamp e torsdag 27. okt kl 18 i Nordøy-halln. Møt opp å hei :)


Siger i dramatisk og historisk innandørsoppgjer


HaNo/Lepsøy låg under 0-2, kom tilbake og leia 6-2. Slapp deretter Stranda inn att i kampen til 6-5, men det enda med 7-6 til HaLe i tidenes første innandørs 9-arseriekamp i fotball for kvinner.


For første gong i historia blei ein 9-arkamp avvikla som seriekamp i Sunnmøre fotballkrets. HaNo/Lepsøy (H/L) slo Stranda 7-6 i eit høgdramatisk oppgjer. HaNo/Lepsøy-Stranda 7-6 (2-2)
Mål H/L: 3. divisjon kvinner, Nordøyhallen:: Lise Tomren Fjørtoft 3, Judith Vestavik, Britt Tove Vedeld Molnes, Eli Rogne, Trude Haram.

Dommar: Odd Arne Grande, Skodje IL


Eit par kampar har blitt utsatt tidlegare i år, og med grasbanene i vinterkarantene, gav Sunnmøre Fotballkrets grønt lys for innandørs fotballkamp i 3.divisjon. H/L låg under 0-2 midtvegs i første omgang, men heimelaget heva seg kraftig utover i omgangen. To skåringar signert hardtarbeidande Lise Tomren Fjørtoft gjorde at laga gjekk til pause med 2-2.


Kanonstart på 2.omgang Dette inspirerte jentene til kjempeinnsats i starten av den andre omgangen. Øyajentene tok leiinga ved Judith Vestavik med eit vakkert plassert skot i vinkelen. 4-2 ved Britt Tove Vedeld Molnes frå skrått hald, medan Eli Rogne gjorde 5-2 frå langt hald. Lise blei tremålsskårar etter hjørnespark, og med 6-2 verka kampen avgjort. Nesten tatt igjen Stranda-jentene hadde likevel ikkje reist så langt for å gi opp utan kamp. Opphentinga var nesten eit faktum sju minutt før slutt, men det stoppa på 6-5. Då syntest Judith og Trude Haram det var nok. Sistnemnde sist på ballen til 7-5, og då hjalp det ikkje at Stranda skåra sitt sjette rett etterpå. Odd Grande bleste av kampen i Nordøyhallen.


Tre seriepoeng til heimelaget, som faktisk har enda ein heimekamp att etter diverse utsettingar den siste tida. – Ikkje nødvendig å gjere det så spennande! meinte Lise T. Fjørtoft etter kampen. - Vi datt sammen mot slutten, men rodde det inn att. Utrulig gøy å spele inne, men såg ikkje føre meg eit slikt resultat, sa løpsmaskina Fjørtoft.

1 kommentar:

Veronica sa...

åh, savna fotballen... :p å hærli stilling då, ekje kvar dag de bli 6-5:p