Då e d nok en gong duka for HaNo dagane! Ei kjekk, årla begivenheit som finn plass på Nordøy Stadion og Grendahus. E so kjekt kvart et år å stelle istand å møtast alle sammen:) Her e litt info frå HaNo siå! Ser ut t å bli ei kjekke helg me monge nye aktiviteta =)
"Torsdag startar årets HaNo-dagar, som skal vare 4 dagar til endes. Sjølvsagt er det på laurdag og søndag det meste skjer. Noko er som før, og noko er nytt av året. Pr dato har vi 35 standar klare, noko som er rekord.
Torsdag 3. september skal nokre av HaNo sine seniorar stille som instruktørar når vi får besøk av eit lag med utviklingshemma ungdommar frå Vietnam. Dermed er også årets HaNo-dagar i gang.
Fredag vert det diskotek på Haramsøy samfunnshus for dei mellom 7 og 15 år.
Laurdag opnar messa med 35 utstillarar pr dato. Vi har framleis nokre på vent, så det kan verte fleire. Vi kjem attende med lista over utstillarar, men kan røpe så pass mykje at det er stort spenn i det som blir presentert. Heile helga vert det ulike aktivitetar. Vi kan nemne sumo-bryting, gladiatorkamp, leikerom med ballborg, utescene med underhaldning, kuskitbingo mm Søndag satsar vi på å presentere alle yngreslaga med trenarar og oppmenn i pausa på herrekampen.
Det vert ikkje dans i år. Det er vanskeleg å få vakter, og det er ikkje så triveleg å vere vakt heller. I staden satsar vi på å arrangere rusfri ungdomskveld laurdag på Sjøbuda på Austnes. Programmet er ikkje heilt klart, men det kan verte karaoke, quiz, stein-saks-papir - mesterskap eller noko i den dur. Dette blir for dei frå 9. klasse og oppover. Vi håper og trur at dette skal bli ein kjekk kveld.
Søndag er det messe med aktivitetar som laurdag, pluss nokre ess vi har i ermet. Godt ver er bestilt, så då er det berre å gle seg! Målet må vere meir enn 900 besøkjande i løpet av helga.Så inviterer fjern og nær slekt til å ta turen! "
Det e no i tillegg damekamp på laurdag å herrekamp på søndag=) SO kom å hei oss fram! D trenge mej!
Vel Møtt:)

2 kommentarer:
Åååååh! Kos dej masse å ta måånge bilde so du kan legge ut på bloggen! Forventa en viss kvalitet på bilda, sopass at ej nestn føle ej va der når ej ser på bilda ;) Koskos!
Heilt enig med sonja! Gleda mej til å sjå :) Kva går kuskitbingo i eigentla? Haurest morosamt ut! Kos dej masse iallefall
Legg inn en kommentar