søndag 25. juli 2010

Roadtrip til Hææææugasun! :)

Eventyret om turen til Hææææugasun.

Det var ein gong 3 tøffe typer som vakna ein morgon og bestemte seg for å ta ein roadtrip til Hæææugasun - det var nemlig ikkje so long ifrå der dei budde hadde dei høyrt. Dei 3 tøffe typene bodde i Bergen. Den eine tøffe typen, den typen som kunne seg med data å internett og den slags søkte etter ei bra rute på gulesider - for der brukar ho nemlig å finne gode løysningar for kjøreruter. Det gjorde ho no og....trudde ho....

Kartet var nemlig ganske greitt og enkelt det - so den eine tøffe typen, den som var go på data å internett å slikt, berre skreiv ned stedsnavn og gate navn etter rekke frå Bergen til Hææææugasun - ganske greitt. Det var då slik at ein skulde følge E39, ein slik type Europaveg heiter det visst, og denne typen, altså nr 39 av desse Europavegane, skulle ein følge heilt til ei ferge ein skulde ta over - etter denne ferga skulle ein berre følge veg nr 47. Jaja - lett som ein plett tenkteden eine typen - den typen som var go på data å internett å slikt altså -den typen skulde også vere sjåfør denne dagen.

Her ser dykke ein av dei tre tøffe typane før avreise, dette er den typen som er glad i telefon å slikt. Trur kanskje det er gulesider han pratar med faktisk - for å forsikre seg om at den eine typen, den som er god på internett å data å slikt har gjort det rett med denne kart- greia! For den eine tøffe typen, han som er god på telefon å slikt - han skulde nemlig ver kartlesar. Men eg trur ikkje han fekk tak i gulesider, så då fekk dei klare seg med instruksane frå internettet. Den 3dje tøffe typen var klar for lengst og satt å venta fastspent i bilen i god tid før avreise.Bilturen til fergekaia jekk jo ganske greitt - nei, la meg heller seie prikkfritt - for det var det nemlig! Dei tre tøffe typene følgte E39, denne Europavegen altså, akkurat som planlagt, og havna dermed på denne fergekaia da, akkurat i tide (hehe) til ferga skulle gå. Perfectos!
Her er ho, den tøffe typen, ho som er god på data å internett å slikt, ganske fornøyd, jah, kankje litt for fornøyd - over at gulesider.no, hennar gode assistent, nok en gong ga ho gode og pålitelige råd.
På ferga kunne dei tre tøffe typene berre slappe heilt av med softis, sveler og brus.
Dei hadde til og med spart ein del pengar idag på fergebilletten - med eit slikt tide-kort då kan dykk skjønne! Det er jo rabatt til randen må eg seie! Heldige var dei då at den tøffe typen som satt i baksetet hadde huska å tatt det med på turen.

Ei slik nymoderandes ferge var dei så heldige å få sitte på til og med - ja, den gikk på slikk gass blei det sagt. Slik miljøvennlige greier det då? Den reiste i alle fall veldig fort over fjorden - nesten som ein snøggbåt kan eg fortelja:)
Så var dei over fjorden jah, og her kan dykk tru dei leita og leita etter den såkalte veg 47. NEIDA! her var d fortsatt E39 - jah, såklart at E39 skulde fortsette, for lenger sør er jo Stavanger - det var dei jo alle klar over. Men ingen skilt kunne fortelja dei om dei var på rett veg - IKKJE EIT KLØYVA SKILT STOD DET "Haugesund" PÅ! Kva slags måsabjønnjar er det som har stelt i stand slikt unødvendig stress for ein sjåfør - jah, det var den tøffe typen som var go på data å internett å slikt. For heile tida leita ho og leita etter eit skilt eller noko - kva som helst som det stod Hææææugasund på. Plutselig kom dei til ei diger bru! EI BRU LIKSOM? kvar sto det på gulesider.no da? INGEN PLASS! Dei tre tøffe typene spurde dama i bommringen om dei var på rett veg til Haugesund da - å det var dei altså! Poenget er berre at ein kunne ha blitt SPART for slik unødvendig stress og nervar visst det berre ha stått Stavanger 112 og Haugesund 32! Kva er problemet!?
JAJA! ikkje for å overdrive altså men - tykjer lite om dårlig skilting - sjølv om sjåføren og alle av dei tøffe typene er godt klar over at du kjem til Hæææugasun før du kjem til Stævængarrrr uansett! Pytt pytt! En opplevelse rikare vart dei då i alle fall:) Dei kom jo fram til Hæææugansun til slutt:) Sjå her jah! Ti minutt før ankomst Hæææugasund - SJOKK! DÅ skulde det plutseleg kome et skilt! Dei tre tøffe typene tok ein liten spasertur på bryggen - strålande ver denne dagen. Fann seg ein behagelig fin sittjeplass, ein fråslengt VG som berre låg å venta på ein sunnmøring som slapp å betale for den..:) Og sist men ikkje minst - MIDDAG! *glede*

Jaja - snipp snapp snute så var det eventyret ute:)
Hadde en flott dag idag altså:) EJ å ho tante avslutta dagen me en tur på Løvstakken, me solnedgang å greier å greier (film kjem - stay tuned)! Imørgå ska mej på Ikea å på Åsane Senter! YEY!

5 kommentarer:

Siv sa...

Haha, ditta va innmari artig skreve:) Dødsbra:) Godt at dåkke kom fram til høugasund da, sjøl om nr 47 va vansklig å finne;0)

Unknown sa...

Godt eventyr ;)

Solveig sa...

Ha-ha, det e det ej sei - du e so flink å skrive! :-)

Anonym sa...

Glad det gjekk bra. Tøffe typer det der


Eg og Tea er nedi dalom og det e kæltoka artigt

Edda

Eli sa...

Morosamt skreve Judith,ditta kan du!
Onkel og tante hadde hatt ein fin tur sa dei når dei kom heim.